Frå fakta til fiksjon: Om å skrive historiske romanar

image

”Fotsolane klaskar mot brusteinen, pusten er høg i hovudet. Ho vågar eit kort blikk bakover, blikket humpar, kroppen. Ho ser ingen. Tomme gater, skyming, små lyssirklar som blir tende innom glasrutene. Ho spring vidare. Forbi ein gammal betlar med krumma handskål, ho løftar handa til helsing. Ut av byen. Ut, ut, ut. Fort over dei grøne løkkene på Kalvskinnet, forbi reparbanen, tukthuset, det kling i ei klokke, ho spring vidare, fortare, eit press for bringa.”

Av Aina Basso, historikar og forfattar.
Artikkelen er henta frå Arkivmagasinet nr. 2, 2011.

Slik spring ungjenta Maria gjennom dei første sidene av romanen Fange 59. Taterpige, ein dag for meir enn 250 år sidan, på flukt frå vektarar som vil setje henne i tukthuset fordi ho er lausgjengar og omstreifar, med alt ei slik livsførsle medfører av betling og mistankar om tjuveri. Den verkelege Maria var fange nr. 1 i den første bevarte fangeprotokollen for Trondhjem Tugt- og Verks-Huus, og blei første gong innsett i 1737.

”Maria Andersdatter Tatterpige”

Fangeprotokollen frå tukthuset har spelt ei viktig rolle som grunnlagsmateriale for mykje av det eg har skrive så langt, både som historiestudent og seinare i den skjønnlitterære skrivinga. Det var i denne kjelda eg fann dei ni blodskamsdømte kvinnene eg brukte som utgangspunkt for masteroppgåva om blodskam på 1700-talet, som eg vidare baserte min første roman Ingen må vite på. Og det var i denne kjelda eg fann ”Maria Andersdatter Tatterpige”, som blei inspirasjonen for min nyaste roman, Fange 59. Taterpige.

Kva er det med denne kjelda som er så fascinerande? Fangeinnskriftene er korte og gir berre ein essens av eit liv og ein lagnad, men det som står, og det som ikkje står, pirrar nyfikenheita: kva skjedde eigentleg i desse sakene? Kven var desse menneska, og kor kom dei frå?

Allereie på mellomfag i 2002 merka eg meg historia til taterjenta Maria Andersdatter, då eg brukte protokollen første gongen til ei semesteroppgåve om kriminalitet på 1700-talet. Seks år seinare vende eg tilbake for å bruke Maria som ein inngang til å skrive om romanifolkets historie.

For å få forteljinga om Maria til å fungere skjønnlitterært, var eg tvungen til å gjere visse endringar. Det som i utgangspunktet fascinerte meg ved henne, måtte eg ironisk nok fjerne, nemleg det uvanlege ved lagnaden hennar. Den verkelege Maria kom frå Sverige med ”en heel Complot” av taterar og var berre tretten år då ho blei sett inn i tukthuset saman med foreldra sine i 1737. Etter heile tretten år i huset blei ho overført til teneste hos ”Probsten Thode”. Han var stiftsprost i Trondhjem stiftamt og sokneprest til Nidarosdomen, og fekk 12-15 barn, kor av fire eller sju ikkje voks opp. Maria fekk etter kort tid med seg to andre ”slaver” og rømte frå prosten, men blei snart fanga og sett inn i tukthuset igjen, denne gongen på livstid.

Tretten år gamle Maria blei innsett i tukthuset fordi ho var tater og lausgjengar, men sleppte likevel ikkje fri etter eitt til to års forbetring og opplæring, slik andre gjorde. Korfor ikkje? Var ho spesielt ”vanartig” og ikkje sett på som skikka til å bli lauslaten? Hadde ho gjort brotsverk som protokollen ikkje avslører? Desse spørsmåla har eg ikkje lukkast i å finne svar på, verken i tukthusarkiva eller i andre kjelder eg har undersøkt.

Det blei raskt openbert for meg at sjølv om eg ville skrive om Maria, aller helst om den verkelege Maria og den verkelege prosten, blei det for komplisert å freiste skape ein god roman utav det. 12–15 barn? Livstid i tukthus? Eg bestemte meg for å gjere nokre endringar. Maria blei nokre år eldre, slik at ho nesten var vaksen, men ikkje heilt. Eg gjorde prosten barnlaus, og medan eg ville behalde namnet til Maria, ville eg endre namnet til prosten.

Verkelege og fiktive kjelder

”Maria Andersdatter Tatterpige
1750
Maria Andersd. er fød i Sverrig kom i Huuset med sine for-Ældere som er Tarter en heel Complot, var 13 aar Gammel 1737 d 25 May der hun kom i Huuset med flerre andere? Anno 1750 d 5 May blev hund af Huuset frigieven, at komme i tieneste hos Probsten Thode

No 66.
Maria Andersd. er kommen effter H. Stiftsbefl. Mandens resol. kommen til Huuset igien, saa som hun rømbte ud af tieneste med 2de Slaver, og blev indbragt igien for sin Lieves tied 8. Octob 1750.”

Noko av min last som historikar er kjærleiken til kjeldene. Ikkje berre er dei unik inspirasjon, for ikkje å seie motivasjon for å skrive, dei ber i tillegg på uvurderleg kunnskap som ofte er lite kjent i allmenta. Når forfattarar fortel at dei liker å bryte med historiske fakta, fordi dei opplever det som eit steg nærare ”kunsten” å dikte mest muleg opp sjølv og ha frie tyglar, forstår eg dei ikkje heilt. Eg har oppdaga at det som finst av verkelege hendingar ofte er langt meir oppsiktsvekkande, eksotisk og uventa enn noko eg ville klart å dikte opp på eiga hand: dei uventa faktaopplysingane set fart i fantasien, heller enn å innskrenke han.

Kjeldene er viktige for meg. Dei er viktige som informasjon, dei er viktige dokument over ei tid og eit tankesett, og reint litterært kan dei spele ei viktig rolle for ein tekst. Å setje originale kjelder opp mot ein skjønnlitterær tekst skaper fleire tekstlege nivå, ikkje berre reint språkleg, men òg ved å skape fleire røyndomsnivå i teksten. Det ”verkelege”, altså fiksjonen, blir representert ved historia eller handlinga, medan det verkeleg verkelege blir representert ved noko som tilsynelatande er sant: den originale, historiske kjelda.

Det ligg altså eit viktig element av røyndomseffekt i dei siterte kjeldene. I hovudsak bruker eg utdrag frå originale kjelder i tekstane mine: sitat frå lovene, bibelsitat eller utdrag frå salmar. Men eg har òg ”forfalska” kjelder over lesten til dei originale. Då eg skulle skrive om ”prost de Fine” i Fange 59. Taterpige, tok eg utgangspunkt i biografiar eg fann i Andreas Erlandsens bok om dei geistlege i Trondhjem stift og bygde ein fiktiv biografi over dei. Også kjelda som er utgangspunktet for denne artikkelen, er med i forfalska form i romanen, men det er òg den originale versjonen, i etterordet.

Å skrive historiske romanar utan å gå til originalkjeldene
er for meg ein utenkeleg framgangsmåte. Eg kjem nok også framover til å skrive romanane mine som ei blanding av småskalaforsking og dikting. Slik får eg utløp for to av mine største lidenskapar, historie og skriving, og eg får gjere noko som forskinga ikkje tillet: eg får dikte vidare der kjeldene teier.

Kjelder
Statsarkivet i Trondheim: Trondheim Tukthus. Fangeprotokoll
1737–1814.

Litteratur
Basso, Aina: ”til Velfortient straf og andre til afskye”. Blodskamsaker
frå Trondheim Stiftamt 1729–1742 med utgangspunkt i Tukthuset i
Trondheim. Masteroppgåve i historie, NTNU 2005.
Basso, Aina: Ingen må vite. Oslo 2008.
Basso, Aina: Fange 59. Taterpige. Oslo 2010.
Erlandsen, Andreas: Biographiske Efterretninger om Geistligheden
i Throndhjems Stift. Christiania 1844–1855.